Professor langer ut mot "pompøse" Tromsø

Historieprofessor Steinar Aas ved Universitetet i Nordland skriver i denne kronikken om Tromsø som selvutnevnt  mini-Oslo som på vegne av landsdelen skal legge strategier for alle der. Men uten at byen har fått noe mandat eller fullmakter fra landsdelen til det.

Historieprofessor Steinar Aas ved Universitetet i Nordland skriver i denne kronikken om Tromsø som selvutnevnt mini-Oslo som på vegne av landsdelen skal legge strategier for alle der. Men uten at byen har fått noe mandat eller fullmakter fra landsdelen til det.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I dette debattinnlegget langer historieprofessor Steinar Aas ved Universitetet i Nordland ut mot "pompøse" Tromsø.

DEL

I et debattinnlegg i Fremover får Tromsø gjennomgå:

*****

Det er strid om framtida til høgre utdanning i nord. Det handlar blant anna om kven som i framtida skal gjøre kva kor. Skal Bodø vere landsdelsbastion for økonomifag og Narvik for teknologifag, eller skal rektor Husebekk (UiT), saman med ministeren samle alle i sin arktiske famn?

Det kan vere interessant å sjå tilbake på opprettinga av Høgskolen i Narvik. Då regjeringa Gerhardsen la fram sin Nord-Norgeplan i 1951 tenkte dei på utvikling av landsdelen som heilskap. Strategiske val gjort for mange år framover, der utbygging av kommunikasjonar, elektrifisering og modernisering av næringslivet stod sentralt. Også utdanning stod på agendaen. Særleg bygging av tekniske skolar, først og fremst fag- og yrkesskolar. Industrien skulle løfte landsdelen.

Narvik Arbeidarparti meinte det var «rent ut galt», at så mange som 1/3 av søkjarane til teknisk utdanning til dei tre skolane sørpå var nordfrå. Alt i 1939 hadde Pedro Edvardsen reist ideen om «Nord-Norges faglige universitet» i avisa Fremover. Den skulle funderast på Narvik fagskole, seinare Narvik yrkesskole. Då hadde Narvik lenge hatt den einaste fagskola nord for Trondheim. Det var bykommunen som investerte i skolen, ikkje staten.

Byen hadde dessutan det sterkaste tekniske miljøet i landsdelen på grunn av NSBs og LKABs malmskiping. Då saka så kom opp etter krigen vart det lokaliseringsdebatt, men Narvik peikte seg ut.

Byen låg midt i landsdelen, sentralt til langs riksveg, hadde jernbanesamband til Sverige, godt lokalbåtsamband nord- og sørover, og elles studieførebuande skoler.

Eit viktig argument var dessutan Ofotens plass som det teknologiske sentrum i landsdelen, kjent gjennom utallige vitskaplege fagtidsskrift.

Etter krigen møtte arbeidet for ei teknisk skole for Nord-Noreg motstand, særleg sørpå. Fleirtalet i stortingskomiteen ville heller bygge internat i Trondheim for nordlendingar. Andre peikte på Rana og den nye jernverksbyen dit industrien skulle komme. Valet stod mellom Rana og Narvik. Nordland fylke var derimot klår. Den tekniske skolen skulle til Narvik. Det sa også Nord-Norge-planen, og NITO og Studieselskapet for Nordnorsk næringsliv støtta Narvik varmt.

I 1955 fekk visjonære regionalistar og ekspansive lokalpolitikarar omsider realisert draumen. Narvik tekniske skole stod ferdig som eit skinnande eksempel på samanfall mellom lokal handlekraft, regional samling og ein nasjonal regionpolitikk. Den same tenkinga ga seinare universitetsetablering i Tromsø. Det synest det no som om dei har glømt der, for no er dei regionens strategar innan høgre utdanning i nord på vegner av oss andre, og visstnok meir opptatt av kvalitet i forsking og utdanning også, må vite.

Vi frå andre vitskaplege miljø er dessverre ikkje helt oppe på det nivået enda, for som rektor Husebekk viser i eit innlegg, tar det tid å bli faglig voksen. Det er dei blitt i det arktiske nord.

Retorikken er ikkje ulik den ein møtte då folk i embetsverket sørfrå kom nordover på 1800-talet og såg seg om for å beskrive nordlendingen. Han var som eit barn. No blir karakteristikken brukt i omtalen av dei andre fagmiljøa nordpå. Dei er små, lite robuste, svake og umodne. Under den arktiske famnen til Tromsø skal alt bli mye betre.

Tidene har endra seg frå Nord-Norge-planens tider. Og det som er forstemmande er at det er Tromsø som har ikledd seg rolla som Oslo før stod for. Fagmiljøa er for små sa dei den gang ein ville ha medisinstudiet til Tromsø, ein liten småby på storleik med dagens Mo i Rana.

Kua gløymer fort at ho sjølv har vore kalv. I dag sit byen trygt forankra som eit regionalt mini-Oslo som på vegner av landsdelen skal legge strategiar for alle der. Dei her derimot ingen mandat eller fullmakter frå landsdelen til det, og ingen har lagt fram innhaldet i strategiane.

I ei salig blanding av truslar og gulrøter forvaltar dei statlege godar i ein sjølvoppnemnt posisjon av pompøs paternalisme. Kven veit; kanskje vankar det ein St. Olav som løn for strevet til rektor Husebekk ved neste krossveg, slik det gjorde det for dei to forgjengarane hennar. Det er kanskje slik vi best ser at den sterke strategiske tenkinga ved UiT blir sett pris på, i Oslo i det minste.

Då den tekniske utdanninga kom til landsdelen i 1955 derimot, stod ein skulder ved skulder for ein samla landsdel.

Artikkeltags